Inkluderande barnehage- og skulemiljø: Læringsmiljøprosjektet

Læringsmiljøprosjektet er eit av tre tilbod i satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø.

Inkluderande barnehage- og skulemiljø er Utdanningsdirektoratet sin kompetansepakke for å styrke barnehagane, skulane og kommunane sin kompetanse i å skape og oppretthalde gode barnehage- og skulemiljø, førebyggje, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar.

Målgruppe for Læringsmiljøprosjektet

Kandidatar til Læringsmiljøprosjektet blir rekruttert av Statsforvaltaren i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Aktuelle deltakarar blir valt ut etter ei heilskapleg vurdering på bakgrunn av tal frå Elevundersøkinga, funn frå klagesaker og tilsyn med kommunane. Statsforvaltaren legg stor vekt på at kommunane, barnehagane og skulane skal vere motiverte for deltaking i prosjektet. Det er ein føresetnad at både barnehageeigar, skuleeigar, PPT, barnehagen og skulen deltek og tar del i arbeidet med prosjektet.

Innhald og arbeidsform

Barnehagane, skulane og kommunane som er med i prosjektet får rettleiing av team sett saman av fagpersonar frå Læringsmiljøsenteret og erfarne skule- og barnehagefolk, i ein periode over to år. I tillegg samlast deltakarane til fagleg påfyll og samarbeid på nasjonale konferansar kvart semester. Deltakarane arbeider med tema som læringsmiljø, førebygging, avdekking og handtering av mobbing, samt regelverk, leiing og organisasjonsutvikling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.