Rettleiar til kommunen om klage på fastsetjing av modulkarakter - FOV
Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne, FOV, har rett til å klage på fastsetjing av modulkarakter.
Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne har rett til å klage på fastsetjing av modulkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 16-4 dersom vedkommande meiner at reglane i § 15-12 ikkje er følgt ved fastsetjing av karakteren. Deltakarane kan ikkje klage på karakteren i seg sjølv. Opplæringsstaden må gi deltakarar informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin rettleiar til vaksne deltakarar.
Kva må opplæringsstaden gjere når dei har motteke ein klage?
Opplæringsstaden må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Dersom klagen blir avvist, skal opplæringsstaden fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak, og opplæringsstaden må opplyse om dette i sitt avvisingsvedtak.
Opplæringsstaden kan etter å ha vurdert klagen og tatt den til følge, velje å gjere om karakteren til gunst for deltakaren. Dersom opplæringsstaden sjølv justerer karakteren opp for deltakaren, skal saka ikkje sendast til Statsforvaltaren. Dette er i tråd med moglegheita til å omgjere sitt eige vedtak i forvaltningslova § 33. Opplæringsstaden må fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og deltakaren får ny rett til å klage.
I saker der kommunen er einig med klagar, skal klagen ikkje sendast til Statsforvaltaren. På Utdanningsdirektoratet si nettside kan de lese meir om kva som er nytt i reglane om klage på sluttvurdering: Kva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no
Opplæringsstaden må sende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for deltakaren.
Kva må kommunen sende til Statsforvaltaren?
Se merknadene til § 16-4 Klage på fastsetjing av modulkarakter | udir.no for ytterlegare rettleiing til punkta under.
- Klagen
- Grunngjeving frå den som har hovudansvaret for opplæringa og som har fastsett modulkarakteren som inneheld:
- Ei grunngjeving for at dei ulike delane av fastsetting av modulkarakteren i § 15-12 er oppfylt
§ Modulvurderinga skal uttrykke deltakarane sin kompetanse ved avslutninga av opplæringa
§ Modulkarakteren skal gis ved avslutninga av opplæringa i faget
§ Avslutninga av opplæringa er når den som har stått for hovuddelen av opplæringa, vurderer at deltakarane har utvikla seg og vist tilstrekkeleg kompetanse i faget
-
- Grunngjevinga må vise korleis deltakarane sin kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget, jf. § 15-2. Det er læreplanen som avgjer kva for kompetanse deltakarane skal ha i den aktuelle modulen. Karakteren må være fastsett på grunnlag av den riktige læreplanen for modulen og ut frå kompetansemåla for den aktuelle modulen.
- I grunngjevinga må det ikkje vere trekt inn utanforleggande omsyn som innsats, fråvær og oppførsel dersom det ikkje går frem av kompetansemåla. Fråværsgrensa gjeld ikkje for vaksne deltakarar.
- Opplæringsstaden sin uttale. Opplæringstaden må gjere greie for saksbehandlinga, kommentere det klagar peikar på i klagen, gjere greie for korleis ein har vurdert klagen, og stadfeste at den som fastsette karakteren si grunngjeving oppfyller krava til fastsetting av modulkarakter.
Saksdokumenta kan sendast til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.
- Opplæringsstaden skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
- Det er svært viktig at opplæringsstaden oppgir rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.
Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?
Statsforvaltaren skal vurdere om opplæringsstaden har følgt reglane i opplæringsforskrifta § 15-12 og § 16-4. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til om modulkarakteren er i samsvar med deltakaren sitt faglege nivå. Dersom Statsforvaltaren kjem fram til at reglane ikkje er følgt, blir vedtaket oppheva og saka blir sendt tilbake til opplæringsstaden. Den skal sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein endeleg karakter. Opplæringsstaden skal sende kopi av nytt vedtak til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom det ikkje er klaga innan fristen, eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.