Rettleiar til kommunen-fylkeskommunen om vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag - vaksne

Vaksne deltakarar har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag.

Publisert 07.04.2025

Vaksne deltakarar har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 10-5, dersom de meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter ikkje er følgt, jf. opplæringsforskrifta § 9-16. Kommunen/fylkeskommunen må gi deltakarar informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin rettleiar til vaksne deltakarar.     

Kva må opplæringstaden gjere når dei har mottatt klagen? 

Opplæringstaden må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Dersom klagen blir avvist, skal opplæringstaden fatte vedtak om det. Det er klageåtgang på eit avvisingsvedtak, og opplæringstaden må opplyse om dette i sitt avvisingsvedtak. 

Opplæringstaden kan etter å ha vurdert klagen og tatt den til følge, velgje å omgjere karakteren til gunst for deltakaren. Dersom opplæringstaden sjølv justerer karakteren opp for deltakaren, skal saka ikkje sendast til Statsforvaltaren. Dette er i tråd med forvaltningslova § 33, moglegheita til å omgjere sitt eiget vedtak. Opplæringstaden må fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og deltakaren får ny rett til å klage. På utdanningsdirektoratets nettside kan de lese meir om kva som er nytt i reglane om klage på sluttvurdering:  Hva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no

Opplæringstaden må oversende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for deltakaren.

Kva må opplæringstaden sende til Statsforvalteren? 

Sjå merknadane til § 10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag (Udir)  for ytterlegare informasjon om punkta under. 

  1. Klagen 
  2. Ei grunngjeving for at det ikkje er fastsett standpunktkarakter 

o   enkeltvedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag kan berre grunngjevast med at faglærar ikkje har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag, då fråværsgrensa som gjeld for elevar ikkje gjeld for vaksne.

    • dersom manglande vurderingsgrunnlag må det visast til eleven sin kompetanse opp mot kompetansemåla og kva for kompetansemål faglærar ikkje har vurderingsgrunnlag i, og kvifor.
  1. Ein uttale om skolen si saksbehandling der skolen bekreftar at faglærar si grunngjeving oppfyller krava i regelverket. Den må visast til at deltakaren har blitt gjort kjent med kva som blir vektlagt i vurderinga, og kva som kan føre til at det ikkje gis standpunktkarakter i fag. Skolen skal også vise til når varselet blei gitt. 
  2. Kopi av varsel etter opplæringsforskrifta § 9-7.
  3. Ev. annan relevant informasjon.

Sakspapira sendes Statsforvalteren via vårt elektroniske skjema.  

  • Opplæringstaden skal sende kopi av saksdokumenta til klager.  
  • Det er svært viktig at opplæringstaden oppgjer rett informasjon og adresse til klager i oversendinga til Statsforvalteren. 

Korleis behandlar Statsforvalteren klagen? 

Statsforvalteren skal vurdere om kommunens/fylkeskommunens vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter er i tråd med reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-16 og 9-8 om fastsetting av standpunktkarakter i fag og reglane om varsling, jf. opplæringsforskrifta § 9-7.  

Resultatet frå klagebehandlinga kan vere at Statsforvalteren enten stadfestar opplæringstaden sitt vedtak, eller opphevar vedtaket. I saker der vi opphevar vedtaket, sendes saka tilbake til opplæringstaden for ny behandling. Opplæringstaden kan enten fastsette ein karakter eller oppretthalde vedtak om ikkje å gi standpunktkarakter. Dersom opplæringstaden fastsett ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette fornya klageåtgang. Det same gjeld dersom nytt vedtak om IV fattast på eit anna grunnlag enn det opphavelege vedtaket. Dersom deltakaren ikkje er varsla i tråd med opplæringsforskrifta § 9‑7, skal det fastsettast ein karakter for deltakaren. 

Opplæringstaden skal sende kopi av nytt vedtak til Statsforvalteren.

Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom klagefristen ikkje er overheldt, eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.