Rettleiar til kommunen og fylkeskommunen om klage på fastsetjing av standpunktkarakterar - vaksne deltakarar
Vaksne deltakarar har rett til å klage på standpunktkaraktar i fag.
Vaksne deltakarar har rett til å klage på standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 16-3. Opplæringsforskrifta § 10-4 og § 10-5 gjeld så langt dei passar. Skulen må gi deltakarar informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin rettleiar til vaksne deltakarar.
Kva må kommunen/fylkeskommunen gjere når dei har motteke ein klage?
Kommunen/fylkeskommunen må først vurdere om klagen skal takast til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Dersom klagen blir avvist, skal kommunen/fylkeskommunen gjere vedtak om det. Det er klageåtgang på avvisingsvedtak, og kommunen/fylkeskommunen må opplyse om dette i sitt vedtak.
Kommunen/fylkeskommunen kan etter å ha vurdert klagen og tatt den til følge, velgje å omgjere karakteren til gunst for deltakaren. Dersom kommunen/fylkeskommunen sjølv justerer karakteren opp for deltakaren, skal saka ikkje sendast til Statsforvaltaren. Dette er i tråd med moglegheita til å omgjere sitt eige vedtak i forvaltningslova § 33. Kommunen/fylkeskommunen må gjere nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og deltakaren får ny rett til å klage. På Utdanningsdirektoratet si nettside kan de lese meir om kva som er nytt i reglane om klage på sluttvurdering: Hva er nytt i reglene om klage på sluttvurdering? | udir.no.
Kommunen/fylkeskommunen må sende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for deltakaren.
Kva må kommunen/fylkeskommunen sende til Statsforvaltaren?
Sjå Standpunktvurdering (Udir) og merknadane til § 16-3, § 10-4 og § 10-5 for ytterlegare rettleiing til punkta under.
- Klagen
- Ei grunngjeving frå faglærar som inneheld:
- Ei skildring som viser at standpunktkarakteren er fastsett ved avslutninga av opplæringa og at kompetansen deltakaren har vist undervegs i opplæringa er ein del av vurderinga. Karakteren skal ikkje vere eit gjennomsnitt av prøvane som er gjennomført i opplæringstida.
- Ei skildring av deltakaren sin samla kompetanse i faget som viser at faglærar har løfta blikket frå eitt og eitt kompetansemål og sett dei i samanheng.
- Skildringa må vise korleis deltakaren sin kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget. Det er læreplanen som avgjer kva kompetanse deltakaren skal ha i det aktuelle faget i den aktuelle modulen. Standpunktkarakteren må vere satt på grunnlag av den riktige læreplanen for modulen og ut frå kompetansemåla for den aktuelle modulen.
- I skildringa må det ikkje vere lagt vekt på utanforleggande omsyn som innsats, fråvær og oppførsel dersom det ikkje går fram av kompetansemåla. Fråværsgrensa gjeld ikkje for vaksne deltakarar.
- Skildringa må vise korleis deltakaren har fått vist sin kompetanse i faget på fleire og varierte måtar.
- Det må komme fram at det det har vore ein dialog mellom deltakaren og den som fastsette karakteren.
- Skildringa må vise korleis deltakaren er gjort kjent med kva som blir vektlagt i fastsettinga av standpunktkarakteren.
- Kommunen/fylkeskommunen sin uttale. Uttalen må gjere greie for saksbehandlinga, kommentere det klagar påpeikar i klagen, vise korleis opplæringsstaden har vurdert klagen, og stadfeste at faglærar si grunngjeving oppfyller krava til fastsetting av standpunktkarakter i faget.
Saksdokumenta kan sendast til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema.
- Kommunen/fylkeskommunen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.
- Det er svært viktig at kommunen/fylkeskommunen oppgir rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.
Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?
Statsforvaltaren skal vurdere om opplæringsstaden har følgt reglane i opplæringsforskrifta § 16-3 og §§ 10-4 og 10-5 ved fastsetting av standpunktkarakteren i fag. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til om standpunktkarakteren er i samsvar med deltakaren sitt faglege nivå. Dersom Statsforvaltaren kjem til at reglane ikkje er følgt, blir vedtaket oppheva og saka blir sendt tilbake til opplæringsstaden som skal sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein endeleg karakter. Opplæringsstaden skal sende kopi av nytt vedtak til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom det ikkje er klaga innan fristen, eller reglane i forvaltningslova ikkje er oppfylt.