Informasjon til vaksne deltakarar om klage på fastsetjing av standpunktkarakter i førebuande opplæring for vaksne (kommunen) og vidaregåande opplæring for vaksne (fylkeskommunen)
Nedanfor finn du informasjon om korleis du kan klage på fastsetjing av standpunktkarakter.
Publisert 07.04.2025
Kva kan du klage på?
- Du kan klage på korleis standpunktkarakteren er fastsett. Klageretten gjeld også dersom du ikkje får talkarakter til standpunkt, altså IV. Merk at du ikkje kan klage på undervegsvurderinga eller sjølve karakteren.
- Vi rår deg til å ta kontakt med skulen du går på og be om å få ei grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage.
Kven kan klage?
- Du som er vaksen deltakar har rett til å klage.
Frist for å klage
- Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du er gjort kjent med karakteren, eller burde gjort deg kjent med den.
- Ein ny frist på 10 dagar gjeld frå det tidspunktet du eventuelt har kravd og fått ei skriftleg grunngjeving for standpunktkarakteren din.
Slik klagar du
- Skriv kva du meiner er feil i fastsetjinga av standpunktkarakteren og kvifor.
- Skriv under på klagen og husk å dater klagen.
- Send klagen til rektor ved skulen du går på.
Kva skjer når du klagar?
Skulen vurderer først om dei er samde i klagen din. Dersom skulen vel å sette opp karakteren din, eller at du skal få talkarakter i staden for IV, får du en grunngjeving for det. Du får ny klagemoglegheit på den nye karakteren.
Dersom skulen ikkje er samde i klagen din, sender dei saka til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan avvise klagen, stadfeste karakteren eller oppheve den. Statsforvalteren vurderer berre om skulen har følgt reglane for fastsetjing av standpunktkarakter.
- Dersom Statsforvaltaren opphevar karakteren i fag, blir saka sendt tilbake til skulen for ei ny vurdering. Skulen fastset ein endeleg karakter. Karakteren kan bli ståande, bli justert opp eller ned.
- Dersom Statsforvaltaren opphevar vedtak om IV, skjer det same. Saka blir sendt tilbake til skulen for ei ny vurdering. Følgjande reglar gjeld:
- Dersom klageinstansen opphevar vedtak om IV fordi det ikkje er varsla i tråd med regelverket, skal rektor sette karakter.
- Dersom skulen fastset ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette fornya klageåtgang. Det same gjeld dersom nytt vedtak om IV blir fatta på eit anna grunnlag enn det opphavlege vedtaket.
Lenker til opplæringsforskrifta for meir informasjon
Opplæringsforskrifta: