Skule- og barnehagetilbod til barn med særskilte omsorgsbehov

Tilbod for barn og unge med særskilte omsorgsbehov.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2020

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Helsedirektoratet sine retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjer unnatak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov.

Kvar skule og barnehage må difor gjere konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få eit slikt tilbod. Moment i denne vurderinga kan vere om dei har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna.

Skuleelevar har rett til eit opplæringstilbod og ikkje berre eit omsorgstilbod.

Bufdir kjem med nærare informasjon 16. mars om andre barn og unge som og kan ha særskilte omsorgsbehov.

For å hindre spreiing av smitte må skoleeigarar og skolar ha ein restriktiv praksis.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.