Rammeplan for skulefritidsordninga
Skulefritidsordninga (SFO) spelar ei viktig rolle i kvardagen til mange barn og familiar. Med innføringa av den nasjonale rammeplanen for SFO i 2021, fekk kommunane eit tydelegare ansvar for å sikre eit likeverdig og kvalitativt godt tilbod.
Rammeplanen er ei forskrift med heimel i opplæringslova § 4-5. Den legg føringar for innhald, verdigrunnlag og kva kompetanse tilsette bør ha, og skal bidra til at alle barn får eit trygt, inkluderande og meiningsfullt fritidstilbod før og etter skuletid.
Rammeplanen er forpliktande, men den gir rom for at kommunen og SFO-leiarar kan tilpassa innhaldet i tråd med lokale behov, ressursar og tradisjonar så lenge det skjer innafor rammene av verdigrunnlaga og måla i planen.
Rammeplanen byggjer òg på felles verdiar for barnehage og skule, og er forankra i internasjonale avtalar som FNs barnekonvensjon og ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk.
Følgje opp rammeplan
Kommunen skal legge til rette for at tilsette ved SFO har mogleiken til å planlegge og evaluere arbeidet sitt, drive kompetanseheving og reflektere over innhald og arbeidsmåtar. Kommunen har ei viktig rolle i å rettleie og legge til rette for at personalet ved SFO utviklar ei felles forståing av oppdraget som er gitt i rammeplanen.
Statsforvalteren har i oppdrag og sjå til at kommunen og skulane forstår og etterlever rammeplanen for SFO. Dersom de har spørsmål knytt til regelverket eller utfordringar med å følge opp rammeplanen ber vi dykk kontakte oss.
Behov for kompetanse
Ein ny rapport om innføring av rammeplan i SFO viser at tilsette ved SFO treng støtte og rettleiing for å kunne følgje rammeplanen på ein god måte. For å imøtekomme dette behovet, løftar vi derfor fram nokre tiltak for kompetanseheving nedanfor.
Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Gjennom Kompetanseløftet kan kommunane søkje om tilskot til kollektiv kompetanseutvikling og nytte ulike vidareutdanningstilbod innan det spesialpedagogiske feltet. Desse tilboda er retta mot det utvida støtteapparatet rundt barn og elevar i kommunen. Sidan SFO er ein del av dette støtteapparatet, er tilsette i SFO ei naturleg målgruppe. Du finn informasjon om ordninga på våre nettsider: Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis | Statsforvaltaren i Vestland
Vidareutdanning
- Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKDIR) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) finansierer «Vidareutdanning for ansatte i skolefritidsordningen (SFO)» fram til 2028. Les meir om ordninga på nettsida til Høgskulen på Vestlandet.
- Utdanningsdirektoratet finansierer studieplass for vidareutdanning for barnehage- og skuleleiarar: Les meir om opplæringa på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
- UDIR: Kompetansepakker og støttemateriell.