Opplæring til elevar som ikkje kan møte på skulen

Skulen må finne løysingar som sikrar at elevar som ikkje kan møte på skulen får eit forsvarleg opplæringstilbod heime. Dette gjeld elevar som har milde luftvegssymptom eller føler seg sjuke, og elevar som er i karantene og isolasjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.09.2020

Dersom elevar ikkje kan få opplæringa på skulen, har skulen plikt til å tilby opplæring på ein anna måte slik at ein sikrar at elevane i størst mogleg grad får deltatt i opplæringa. Skulen må planlegge for denne situasjonen og sikre at elevane raskt får eit opplæringstilbod.

Utdanningsdirektoratet har kome med ei presisering om når elevane har krav på opplæring heime, og korleis opplæringa kan gjennomførast. Du finn meir informasjon om dette på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.