Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Endringar i midlertidig forskrift om opplæring

Kunnskapsdepartementet har no fastsett endringar om tilpassingar i reglane om barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring som følge av utbrot av covid-19.

Publisert 25.01.2021

På gult nivå skal elevar som hovudregel få all opplæring på skulen, men med nokre unntak kan skulane gje opplæring heime. Dette gjeld dersom det er naudsynt av omsyn til smittevern eller om det har vore mykje fråvær ved skulen over tid (som følgje av covid-19).

Det er opna opp for at elevane kan få opplæring heime i følgande tilfelle:

  • Smittevernomsyn som gjer det naudsynt å stenge skulen eller redusere talet elevar som er til stades samtidig.
  • Mykje fråvær ved skulen over tid, som følge av covid-19.
  • Ved sjukdom, milde luftvegssymptom eller er om elevane er i karantene og isolasjon.
  • Viss elevar har nær familie som er i ei risikogruppe eller sjølv er i ein risikogruppe.

Skuleeigar må melde frå til Statsforvaltaren når dei avgjer å nytte heimeopplæring. Dei må òg melde ifrå om innhaldet i, og grunngjevinga for avgjerda. Utdanningsdirektoratet har laga eit meldeskjema som kan nyttast til slike meldingar.

Du finn meir informasjon om forskriftsendringane på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.