Ny mal for tilstandsrapport

Det har no kome ein ny mal for den årlege tilstandsrapporten, som har som mål å bidra til større merksemd om kvaliteten på opplæringa. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2021

Opplæringslova pålegg kommunar og fylkeskommunar å arbeide med kvalitetsutvikling. Tilstandsrapporten er eit verktøy til bruk i dette arbeidet, og kjem i ulike versjonar for grunnskule og vidaregåande skule.

Utgangspunkt for dialog, drøfting og planlegging av arbeidet med kvalitetsutvikling

Malen er frivillig å bruke, og skal gjere det enklare å finne tal og data. Ein finn informasjon om m.a. læringsmiljø, resultat på nasjonale prøver, karakterar, skulebidrag og gjennomføring.

Rapporten legg grunnlaget for vedtak om prioriteringar og tiltak

Tilstandsrapporten vert og kalla kvalitetsmelding, og kan bidra til å synleggjere behov og løfte problemstillingar til politisk leiing. Han skal drøftast i kommunestyret, på fylkestinget og i styret ved private skular. 

Du finn meir informasjon om tilstandsrapporten på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.