Mellombelse tilpassingar i fag- og timefordelinga og avvik frå kompetansemål skuleåret 2020-2021

Kunnskapsdepartementet har fastsett at det òg dette skuleåret kan gjerast tilpassingar i fag- og timefordelinga, dersom visse vilkår er oppfylte. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2021

I enkelte tilfelle kan òg gjerast avvik frå kompetansemål. Dette må vurderast lokalt av skuleeigar, og det må leggast stor vekt på elevane sitt beste i vurderinga av kva tilpassingar som gjerast.

Desse endringane går fram av § 5 i den mellombelse forskrifta om tilpassingar i reglane om barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring som følgje av utbrot av covid-19. Du finn lenke til forskrifta i høgre meny.

Du kan finne ytterlegare informasjon om dette på regjeringa sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.