Klager på standpunktkarakterar

Illustrasjonsfoto av skuleelev.

Handsaminga av klager på standpunktkarakterar i grunnskulen for førre skuleår er no avslutta. Vi har samanfatta vår erfaring med sakshandsaminga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.09.2021

Vi fekk i år inn 114 slike klager, 54 fleire enn i fjor. Då vart det, mot normalt, berre registrert 60 klager. Til samanlikning kom det våren 2019 inn 169 klager på standpunktvurdering.

Praktiske fag på klagetoppen

Faga det vert klaga mest på, er mat og helse, musikk, kroppsøving og valfaget fysisk aktivitet og helse. Av dei 114 sakene gjeld 18 mat og helse, 13 musikk, 13 kroppsøving og 9 valfaget fysisk aktivitet og helse. Dei resterande 61 klagene fordeler seg ganske jamt mellom alle dei andre faga, i tillegg til klager på nedsett karakter i orden og åtferd.

Mange som klagar får medhald

78 av dei 114 som klaga på standpunktkarakteren i vår fekk medhald etter at Statsforvaltaren hadde handsama saka. Det kan vere fleire grunnar til at skulen sitt vedtak om standpunktkarakter vert oppheva. Opplæringslova set klåre krav til fastsetjing av standpunktkarakter. M.a. seier lova at:

  • Eleven skal vere gjort kjend med måla for opplæringa og kva som vert vektlagt i vurderinga
  • Eleven skal ha fått sjansen til å vise kompetansen sin på fleire ulike måtar
  • Sluttvurderinga skal vere gjort på grunnlag av kompetansemåla i læreplanen, utan å trekke inn faktorar som orden, åtferd eller innsats, dersom dette ikkje er eit mål i læreplanen for det aktuelle faget.
  • Standpunktkarakteren skal vere eit uttrykk for eleven si samla kompetanse i faget.

Skulen må i sitt svar på klaga sannsynleggjere at regelverket har vorte følgt på alle desse punkta. Dersom dette vert gjort, fører det normalt til at klagaren får avslag.  Om skulen derimot ikkje har godtgjort at regelverket har vorte følgt i tilstrekkeleg grad, vert skulen sitt vedtak om fastsetjing av standpunktkarakter sendt attende til skulen for ny vurdering.

Tre moglege utfall i klagesaker

Statsforvaltaren vurderer om skulen har følgt regelverket då dei fastsette standpunktkarakteren, men kan ikkje uttale seg om det faglege nivået til eleven. Det er difor skulen som må gjere vurderinga på ny dersom dei får vedtak i retur. Det er då tre moglege utfall: Karakteren vert sett opp eller ned, eller uendra. I det store fleirtalet av saker vert det inga endring i karakteren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.