Klage på standpunktkarakterar i grunnskulen

Elevar og foreldre kan klage på standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter.

Publisert 04.06.2021

Elevar og foreldre skal informerast

Skulen skal informere elevar og foreldre om høvet til å klage, klagefristen og kva klagen skal innehalde. Innanfor klagefristen kan eleven krevje grunngiving for karakterar i fag eller orden og åtferd, og krevje grunngiving dersom det ikkje blir fastsett standpunktkarakter.

Klagefrist

Fristen for å klage er 10 dagar, frå melding om vedtaket er kome fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngivinga er motteken.

Eleven sender klagen til skulen

Elevar under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage. Klagen må vere skriftleg og underskrivast klagaren eller ein med fullmakt. Klagen skal sendast til skulen, og skulen sender klagen til Statsforvaltaren, med kopi til klagaren.

I høgremenyen finn du eit skriv som skulen kan nytte som informasjon til elevane og rettleiing til skulen ved behandling av klager på standpunkt. Rettleiing frå Utdanningsdirektoratet finn du her.

Skulen sender klagen til Statsforvaltaren

Vi ber rektor sende inn klager via elektronisk skjema. Skjemaet finn de her.

Overrsendinga skal innehalde:

• klagen
• faglærar si fråsegn
• rektor si fråsegn
• klagar si adresse/kontaktopplysningar

I klagesaker som gjeld orden og åtferd ber vi i tillegg om å få oversendt:

• kopi av ordensreglement
• konklusjon frå drøftingsmøte mellom lærarane til eleven
• dokumentasjon på at foreldre har fått varsel om at karakteren kan bli sett ned.
• annan relevant korrespondanse med heimen

Utdanningsdirektoratet har våren 2021 oppdatert informasjon om standpunktvurdering på nettsidene sine, og du finn informasjonen her.

Streik våren 2021

Utdanningsdirektoratet vil informere på www.udir.no om eventuelle konsekvensar streiken kan få for standpunktvurderinga i vår.