Gratisprinsippet i skulen

All undervisning i grunnskulen og vidaregåande skule skal vere gratis. Dette gjeld både i skuletida og for aktivitetar i regi av skulen. 

Publisert 12.05.2025

Skulen kan ikkje krevje betaling frå elevar eller foreldre for turar, utstyr eller andre aktivitetar som er ein del av opplæringa.

Skulen kan likevel ta imot gåver frå foreldre, elevar eller andre. Dette kan vere for eksempel pengar, dugnad eller utstyr. Gåver og innsats skal vere frivillig, og økonomiske bidreg skal vere anonymiserte. Ein kan ikkje føre ei oversikt over kven eller kor mykje kvar enkelt har gitt.  

Turar og aktivitetar

Leirskule skal vere gratis for alle elevar. Kommunen skal dekkje alle kostnadar, inkludert kost og losji. 

Alle elevar skal få vere med på aktivitetar i regi av skulen utan å betale. Om foreldre ønsker å bidra til ein tur som krev meir pengar enn det skulen skal bruke, har skulen eit ansvar for at eventuelle pengeinnsamlingar skjer på ein lovleg måte, og at bidraga er anonyme og reelt frivillige.

Læremiddel og utstyr

Kommunen (grunnskule) og fylkeskommunen (vidaregåande) skal sørgje for at elevar får gratis lærebøker og andre trykte og digitale læremidlar og digitalt utstyr. Elevar i vidaregåande skule kan bli bedne om å skaffe personleg utstyr som er vanleg i opplæringa. Gjennom Lånekassa kan dei søke stipend for dette. Fylkeskommunen kan krevje årleg eigenandel for PC, men denne kan ikkje overstige den lågaste satsen i utstyrsstipenda. Øydelegg ein elev utstyr med vilje eller ved å vere uforsiktig kan eleven måtte betale erstatning.

Anna

Gratisprinsippet gjeld ikkje for SFO. 

Klede og anna utstyr som ikkje er undervisningsmateriell må foreldra eller eleven dekkje sjølv. Foreldre eller eleven må også dekkje matpakke eller utgifter som eleven har til mat i skuletida. Mat som elever lagar eller et som ein del av opplæringa skal skulen dekkje. Internettabonnement heime er ikkje omfatta av gratisprinsippet. Dersom ein elev ikkje har tilgang til internett heime men treng det for å gjere lekser, må skulen finne ei løysing i samarbeid med foreldre eller eleven. 

Kommunen og fylkeskommunen har ansvar for å sikre at skulene følgjer gratisprinsippet. Dersom gratisprinsippet ikkje blir følgt, skal kommunen eller fylkeskommunen handtere og følgje det opp. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med om kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine etter reglane om gratisprinsippet.

Private grunnskular godkjent etter privatskoleloven kan ikkje krevje ekstra betaling for aktivitetar i regi av skulen. 

Du kan lese meir om gratisprinsippet i grunnskulen og vidaregåande skule på Utdanningsdirektoratet si nettside:

Rettleiar om gratisprinsippet i grunnskulen og vidareåande opplæring

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.