Fire vestlandsskular nominert til Dronning Sonjas skulepris

Dronning Sonjas trykk «Vekst» blir overrekt vinnarskulen.

Dronning Sonjas skulepris blir delt ut til skular som utmerker seg i arbeidet med å fremje inkludering og likeverd i skulemiljøet. Blant dei 17 nominerte frå heile landet finn vi i år heile fire skular, frå tre ulike kommunar i vårt fylke.

Publisert 10.07.2025

Mange sterke søknader – og mykje godt arbeid

Årets søknadsrunde har vist stort engasjement frå skulane i Vestland. Statsforvaltaren har fått mange gjennomarbeidde og inspirerande søknader frå skular som jobbar målretta for eit inkluderande og likeverdig skulemiljø.

Sjølv om berre fire skular frå fylket vart nominerte vidare til den nasjonale kåringa, vil vi løfte fram innsatsen til alle som søkte. Arbeidet de gjer er viktig – både for elevane og for utviklinga av eit godt skulemiljø. Vi oppmodar alle til å halde fram det gode arbeidet og gjerne søkje på nytt ved neste høve.

Dette er dei nominerte skulane frå Vestland:

  • Ytre Arna skule har gjennom fleire år jobba heilskapleg og systematisk med trivsel og inkludering. Arbeidet er forankra i heile personalet gjennom samskaping, felles verdiar og standardar. Skulen har eit gjennomgåande inkluderingsperspektiv og er særleg kjent i nærmiljøet for sitt inkluderande velkomsttilbod og fellesskapet #lagfølelse. Skulen er blant dei 25 prosent med minst mobbing dei siste tre åra.

  • Blokkhaugen skole nyttar Olweus-programmet for å styrke elevmiljøet. Skulen har tydelege strukturar, og legg vekt på relasjonar som bygger tillit og tryggleik. Gjennom refleksjon, kreative møteplassar og felles aktivitetar, bidreg skulen til å styrke fellesskapet og motverke utanforskap. Skulen har hatt låge mobbetal i fleire år.

  • Vaksdal skule har lang erfaring med tiltaksmodellen for å fremme positiv atferd, støttende læringsmiljø og god samhandling i skolen (PALS). Skulen fremjar respekt, fellesskap og aktivt samarbeid med heimane. Vaksdal skule har ein kunnskapsbasert og elevorientert praksis. Dei nyttar aldersblanda grupper og arbeider no med eit utviklingsarbeid som knyter fysisk aktivitet til læring og inkludering.

  • Samnanger barneskule kombinerer verdibasert arbeid med bruk av naturen som læringsarena. Elevane deltek i utforming av både inne- og utemiljø, og det er lagt til rette for aktivitetar for ulike interesser og føresetnader. «Grendahagen» er eit døme på eit nyskapande inkluderingsprosjekt som bind saman elevmedverknad, naturglede og lokalsamfunn. Skulen har hatt låge mobbetal.

Jury og vidare prosess

Ein fagjury med representantar frå Utdanningsforbundet, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen, KS, FUG og Sametinget skal kåre vinnaren. Juryen vert leia av professor Mirjam Harkestad Olsen ved UiT –Noregs arktiske universitet.

Utdanningsdirektoratet offentleggjer alle dei nominerte skulane i august. Vinnaren av Dronning Sonjas skulepris 2025 blir annonsert under ein audiens på Slottet 20. oktober, og sjølve prisutdelinga er planlagt til 25. november 2025.

Vi heiar på dei fire skulane frå Vestland og håpar sjølvsagt at ein av dei skal nå heilt til topps!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.