Fastsetting av standpunktkarakter våren 2021

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Vi har fått spørsmål og tilbakemeldingar frå kommunar i Vestland. Kunnskapsdepartementet gjer no ny vurdering av tidspunktet for fastsetting av standpunktkarakterar.

Publisert 28.04.2021

Kva signal er gjeve til oss?

Utdanningsdirektoratet opplyser at føringane som vart gjeve 8. februar 2021 framleis er gjeldande. Samstundes er det gjeve signal som kan tyde på at ein går bort frå desse føringane, og at Kunnskapsdepartementet då vil kome med ei oppmoding om å fastsette standpunktkarakterar i vår så seint som praktisk mogleg. For fag der det er munnleg eksamen, må standpunktkarakterar då fastsettast seinast dagen før eksamen.

Problemstillinga ligg til avklaring hos Kunnskapsdepartementet. Vi vil kome attende med meir informasjon når vi får denne.

Kva føringar gjeld inntil vidare?

Regjeringa kunngjorde 8. februar 2021 følgjande føringar:

  • Standpunktkarakterar for alle fag der det ikkje er munnleg eksamen, fastsettast i veke 23.
  • Standpunktkarakterar i fag der det er munnleg eksamen, fastsettast i veke 22.

Kunngjeringa kan de lese her.