Barnehagar og skular kan lette på smitteverntiltak

Eit nytt system med raudt, gult og grønt lys skal avgjere kva for smitteverntiltak som gjeld i barnehage og skule.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2020

Regjeringa la fram nye smittevernrettleiarar fredag 29. mai. Systemet i dei nye rettleiarane er basert på ein trafikklysmodell, og skal hjelpe skular og barnehagar å tilpasse tiltaka til smittevernsituasjonen i samfunnet. Modellen varierer frå grønt nivå med vanleg organisering, via gult nivå med moderate tiltak, til raudt nivå med meir omfattande tiltak.

«Strenge smitteverntiltak gjør det krevende å gi et fullverdig tilbud til barn og unge, og derfor kan vi ikke ha strengere tiltak enn nødvendig. Det nye systemet gjør det mulig å planlegge og forberede seg på ulike scenarier, og barnehager og skoler kan nå ta i bruk gule tiltak», seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Du finn dei nye smittevernrettleiarane og meir informasjon om trafikklysmodellen på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.