Fagopplæring og lærekandidatordninga

Opplæringslova seier at ungdom som har fullført grunnskule har rett til vidaregåande opplæring. Denne artikkelen beskriv nokre sentrale avgjerder i lovverket for fagopplæring med særleg vekt på lærekandidatordninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2021

Overgang frå skule til bedrift

Dersom du vel yrkesfag er det vanlege at du går dei to første åra på skule, før du har opplæring i bedrift, sjå oppll. § 3-3. Når du er ferdig med Vg2, går du frå å vera elev til å bli lærling, praksisbrevkandidat eller lærekandidat.

Ein lærling er ein person som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fag/sveineprøve, jf. oppll § 4-1. Lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skriv ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Eit vesentleg skilje mellom desse ordningane er at lærekandidatordninga har individuelt tilpassa mål for den enkelte.

Meir informasjon om skiljet mellom ordningane finn du på Udir sine sider.


Forskrift til opplæringslova § 3-50 slår fast at du som lærling skal prøvast etter læreplanen for opplæring i bedrift. Lærekandidatar skal prøvast i opplæringsmåla som er fastsette for den enkelte. Undervisninga lærekandidaten får skal vera i samsvar med opplæringskontrakten, sjå oppll § 4-2. Lærekandidaten har i tillegg rett til spesialundervisning etter kap. 5 i oppll. Både lærlingar og praksisbrevkandidatar skal ha tilgang til PPT.

Opplæringskontrakten til lærekandidaten kan endrast i løpet av kontraktstida til ordinær lærekontrakt med fag/sveinebrev eller opplæringskontrakt med praksisbrev som mål, etter samtykke frå fylkeskommunen, jf. oppll § 4-6.

Klage

Statsforvaltaren behandlar klaga di om du meiner du ikkje får oppfylt retten til vidaregåande opplæring, sjå oppll § 15-2, ref. § 3-1. Statsforvaltaren behandlar ikkje klagar på innhaldet i opplæringa du får tilbod om, til dømes kva skole eller kva programområde du blir tatt inn på.

Dersom du ikkje er nøgd med opplæringstilbodet du får tar du kontakt med inntakskontoret i fylkeskommunen. Ei klage på inntak skal alltid gå via fylkeskommunen som fattar vedtak. Skal klaga behandlast av Statsforvaltaren, sender fylkeskommunen saka di vidare til oss.

Lærekandidat er ikkje eit tilbod som er søkbart i inntaket til vidaregåande opplæring, men noko fylkeskommunen kan velja å tilby deg når du skal ut i bedrift. Du har altså ikkje rett til å bli lærekandidat.

Om du ser at lærekandidatordninga kunne vore aktuell for deg, er det viktig du finn ut meir om korleis ordninga er innretta og organisert i ditt fylket.

Ta kontakt!

Ta gjerne kontakt med Statsforvaltaren for råd og rettleiing om du lurer på noko rundt retten til vidaregåande opplæring, om lærekandidatordninga eller om klage på inntak.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.