Elevar kan få tospråkleg opplæring i fag på nett

Kommunar som ikkje klarer å tilby tospråkleg fagopplæring i arabisk, somali og tigrinja kan søkje om sanntidsopplæring gjeve av nettlærarar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2020

Kriterium for å bli med i ordninga

  • Kommunen kan søkje om å delta i no i vår, og opplæringstilbodet gjeld frå hausten 2020.
  • Kommunen kan berre melde på elevar i dei språka dei ikkje har tospråkleg lærar i. Kommunen som søkjer, må ha forsøkt å få tak i tospråklege lærarar, men ikkje klart det.
  • For at kommunen skal kunne bli med, må elevar i 8. og/eller 9. årssteg som skal delta, ha vedtak om tospråkleg fagopplæring. Elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring og/eller deltakarar i grunnskule for vaksne med behov for tospråkleg fagopplæring kan også delta.
  • Kommunen må være Feide-kommune.
  • Kommunane må søke om å få nytte ordninga denne våren, og betale ein egenandel.

Dersom skulen, kommunen eller fylkeskommunen vil vite meir om ordninga og få informasjon om deltaking skuleåret 2020/2021, kan de fylle ut dette nettskjemaet.

Tilbodet er forankra i eit vellukka prøveprosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) på OsloMet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.