Bruk av advokat i skulemiljøsaker

Det skal ikkje vere nødvendig med advokat for å få oppfylt retten til eit trygt og godt skulemiljø.

Publisert 29.04.2021

Elevar og foreldre kan velje å ha advokat eller annan fullmektig som støtte i ei skulemiljøsak. I dei fleste tilfelle skal dette ikkje vere nødvendig, og det er avgrensa kva kostnadar som dekkast. Elevar og foreldre kan kontakte oss for rettleiing om regelverket som skulane skal følge i desse sakene.

Vi kan rettleie elevar og foreldre om regelverket

Som eit offentleg organ har Statsforvaltaren rettleiingsplikt innanfor sitt saksområde. Dette inneber at vi har plikt til å rettleie elevar og foreldre om reglane som gjeld skulemiljø (opplæringslova kapittel 9 A). Dette kan gjelde alt frå kva plikter skulen har, når skulen skal lage ein aktivitetsplan, eller kva det inneber at ei sak meldast til oss. Det kan og til dømes handle om korleis prosessen er ved ei klage til Utdanningsdirektoratet, eller kva reglar som gjeld for dekning av sakskostnadar. Rettleiingsplikta inneber at det i dei fleste saker vil vere eit avgrensa behov for å ha advokat. Ein skal heller ikkje måtte bruke advokat for å få det trygt og godt på skulen.

Det er låge krav til kva som må stå i ei klage

Når elevar eller foreldre melder ei sak til oss, gjer vi eit vedtak der vi vurderer om skulen har oppfylt aktivitetsplikta si. Om aktivitetsplikta ikkje er oppfylt, kan vi som ein del av vedtaket bestemme kva skulen skal gjere for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Dersom ein ikkje er nøgd med vedtaket vårt, kan ein klage vedtaket inn for Utdanningsdirektoratet, og får då saka prøvd i ein annan instans. Det er låge krav til kva som må stå i klaga. Desse krava kan vi rettleie om både munnleg og skriftleg.

Vi kan ikkje representere elevar og foreldre

Vi understrekar at Statsforvaltaren ikkje kan vere representant for eleven eller foreldra, slik ein advokat kan. Vi har ei uavhengig rolle, og representerer heller ikkje skulen eller kommunen.

Det er avgrensa kva sakskostnadar ein kan få dekt

Utgangspunktet er at ein sjølv må betale eigne sakskostnadar. Dekning er aktuelt der eit vedtak har blitt endra til gunst for eleven. I skulemiljøsaker betyr dette i praksis at det først er dersom vårt vedtak blir endra til gunst at ein har krav på dekning. Vedtaket kan bli endra til gunst av Statsforvaltaren sjølv eller av Utdanningsdirektoratet. Merk at ein berre har rett til å få dekt kostnadar som var nødvendige for å få endra vedtaket. Kostnadar knytt til arbeid før Statsforvaltaren sitt vedtak blir difor i utgangspunktet ikkje dekt. Det same gjeld kostnadar for arbeid gjort etter at vedtaket blei endra.

For lite kjennskap til kva kostnader som dekkast

Vi har mottatt fleire krav om sakskostnadar som ikkje kan dekkast. Fleire av krava har kome etter at Statsforvaltaren har vurdert at skulen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta. Dette vedtaket er det første vedtaket i saka, og kan difor ikkje vere ei endring til gunst. Aktivitetsplanen som skulen skal lage, og som er ein del av det vi vurderer, er ikkje eit enkeltvedtak. Ein kan ikkje med grunnlag i vårt vedtak få dekt til dømes kostnadar som er brukt til advokatbistand på skulenivå. Det er først dersom eleven eller foreldra klager på Statsforvaltaren sitt vedtak, og vedtaket blir endra til gunst, at ein kan få dekt kostnadar som var nødvendige for å få endra vedtaket. Det er viktig at dei som engasjerer advokat er klar over dette på førehand, slik at ein ikkje hentar inn støtte i den tru at alle kostnadane vil bli dekt.

I nokre tilfelle gjer skulen/kommunen likevel det første vedtaket

Der det blir sett inn særleg inngripande tiltak, til dømes tvungent skulebyte for ein elev, kan skulen/kommunen likevel gjere det første vedtaket. Vi er klageinstans for slike vedtak. Dersom vi endrar vedtaket til gunst for eleven, kan ein få dekt sakskostnadar. Det same gjeld dersom skulen/kommunen sjølv endrar vedtaket til gunst. Også her er det berre kostnadar som har vore nødvendige for å få endra vedtaket som kan dekkast.