Verjemål:Om vaksinasjon mot Covid-19

Det ligg ikkje til oppgåva til oppnemnde verjer å samtykka til vaksinasjon mot Covid-19 på vegne av verjehavar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2021

Dette blir regulert av pasient- og brukerrettighetsloven. Det er pasienten sjølv og eventuelt helsepersonell som må ta stilling til om ein person skal vaksinerast. Ansvaret for å følgja opp dette ligg til kommunen og ikkje verja. Verjer som også er næraste pårørande kan ha enkelte rettar knytt til helsehjelp for  verjehavar. I kraft av å vera oppnemnd verje har du derimot ikkje noko mandat i spørsmål om behandling knytt til helsespørsmål, heller ikkje vaksinasjon.

 

Dersom  pasienten aktivt motset seg vaksinasjon kan dette ikkje gjennomførast utan tvangsvedtak. Det ligg likevel til verjer med personleg mandat å sjå til at verjehavar ikkje blir utsett for tvang utan etter vedtak.

 

Vi vil gjera oppmerksam på at nokre kommunar kan ha varsla pasientar på ein måte som gjer at informasjonen kjem til verjer sjølv om den er meint til pasientane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.