Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2021

Søknadsfrist:
1. april 2021
Målgruppe:
Kommunane sin helse - og omsorgsteneste. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette i andre kommunale og fylkeskommunale etatar være målgruppe (f.eks. Nav, barnevernsteneste, barnehagar og skular)
Ansvarleg:
Helse- og omsorgsavdelinga, Statsforvaltaren
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommune, universitet, høgskule, fagskule
Rapporteringsfrist:
1. april 2022

Tilskotet skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak, innovasjon- og utviklingsarbeid ut frå lokale føresetnader og behov. 

Publisert 16.02.2021

Målet med ordninga er å styrke kommunane sine evner og høve til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane ut frå lokale føresetnader og behov.

Sjå til høgre i artikkelen for rettleiing og søknads- og rapporteringsskjema.

Vi har gått vekk frå digital innsending av søknad om kompetansetiltak og BPA i år. Det er no lagt opp til at søkarar fyller ut eit excel-skjema som inneheld søknad på kompetansetiltak, BPA og innovasjonsprosjekt. Merk at vi ønskjer ein samla søknad frå kvar kommune/verksemd.

Les meir om tilskotet og regelverk på heimesida til Helsedirektoratet

Søknad skal sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no innan 1. april 2021.

Nytt overordna prioriteringskrav for tildeling

Kommunar som omstiller seg i tråd med Leve heile livet-reforma vil verte prioritert. Vi hentar inn nødvendig tilleggsinformasjon om dette, og har sendt ut kartleggingsskjema til alle kommunedirektørar/rådmenn i Vestfold og Telemark. Les meir i brevet vi har sendt til kommunane, som du finn under «Dokument». 

Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverket for ordninga er som tidlegare.

Rapportering for 2020

Kommunane skal rapportere innan 1. april 2021 om midlar som vart tildelt i 2020. De finn tre rapporteringsskjema i høgremargen. For tilskot frå kr 200 000 er det krav om revisorattestasjon.

Søknadsfrist:
1. april 2021
Målgruppe:
Kommunane sin helse - og omsorgsteneste. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette i andre kommunale og fylkeskommunale etatar være målgruppe (f.eks. Nav, barnevernsteneste, barnehagar og skular)
Ansvarleg:
Helse- og omsorgsavdelinga, Statsforvaltaren
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommune, universitet, høgskule, fagskule
Rapporteringsfrist:
1. april 2022