Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til digitale læremiddel, infrastruktur, utstyr og kompetanse knytt til heimeundervisning

Søknadsfrist:
22. mars 2021 23.59
Målgruppe:
Elevar/lærlingar/lærekandidatar, inkluderte vaksne, og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular
Ansvarlig:
Oppvekstavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er gitt kr 4 828 000,- som etter søknad skal bli tildelt kommunar og fylkeskommunar til tiltak for å styrkje infrastruktur og kompetanse i kommunar, samt tiltak for å bøte på levekårsutfordringar som er til hinder for heimeundervisning.

Publisert 01.03.2021

Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-Utbruddet, gjennom å:

  • Styrke digital infrastruktur og system, samt kompetanse på drift av desse
  • Bidra til utjamning av levekårsforskjellar, der desse er til hinder for digital heimeundervisning

Tiltaka skal rette seg mot elevar, lærlingar og lærekandidatar, medrekna vaksne, og lærarar i offentleg grunn- og vidaregåande skular i Noreg.

Aktuelle tiltak kan vere:

  • nødvendig infrastruktur for å gjennomføre undervising heime, medrekna nettilgang
  • hente inn kapasitet og/eller kompetanse i organisasjonen for å ivareta infrastruktur/fellesløysingar som blir brukte ved undervising heime
  • digitalt utstyr som blir brukt til kommunikasjon mellom lærar og elev i ein situasjon med undervising heime. Dette kan vere utstyr til utlån eller gå inn i «ein til ein»-ordning.
  • tilgang til digitale verktøy for samhandling/kommunikasjon mellom lærar og elev

Det vert ikkje gitt stønad for:

  • digitale læremidlar
  • introduksjonsprogram 

Tilskotsordninga er skjønnsmiddelordning. Ved løyving av skjønnsmidlar skal Statsforvaltaren gjere ei heilskapleg vurdering av kommunen/fylkeskommunen sitt behov.

Utdanningsdirektoratet har etablert ei eiga søknadsordning for friskular.

Søknadsfrist:
22. mars 2021 23.59
Målgruppe:
Elevar/lærlingar/lærekandidatar, inkluderte vaksne, og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular
Ansvarlig:
Oppvekstavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen