Måker som lagar støy – kva kan gjerast

To måker. Foto: Birgit Brosø
To måker. Foto: Birgit Brosø

Nokre gongar kan dyr vera til mykje bry eller gjera vesentleg skade på eigedom. I ny rettleiar frå Miljødirektoratet finn du råd om kva du kan gjera viss du opplever dette som eit problem.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.04.2021

Miljødirektoratet har nyleg publisert ein rettleier for folk som opplever problem med vilt. Her finn du førebyggande tiltak for å unngå problema om for eksempel: Måker som bråkar, hakkespettar som hakkar hol i bygningar, grevling som tar tilhald under hus, flaggermus på loftet og gjess som gjer skade på avling.

Eg opplever problem med ein art - kva gjer eg?

På denne sida finn du råd om kva du sjølv kan gjera for å hindra eller avgrensa skade. Tiltaka er forskjellige, avhengig av kva art du har med å gjera. Her ligg oversikt over nokre utvalde artar og kva du kan gjera.

Søke om skadefelling

Her finn du og oversikt om det er kommunane eller statsforvaltaren du skal kontakta ved eventuelt søknad om skadefelling.

Varsle og rapportera

Det blir stilt krav til korleis skadefelling av vilt skal gjennomførast, og kven som skal ha varsel før og etter felling.

Kontaktperson i Miljødirektoratet:

Jo Anders Auran,seniorrådgiver
epost: 

tlf: 98802988

 

Kanadagjess. Foto: Odd Frydenlund Steen
Kanadagjess. Foto: Odd Frydenlund Steen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.