Resultatkartlegging miljø- og skogbrukstiltak 2026

Landbruksdirektoratet har gjort uttrekk av felt for resultatkartlegging i 2026. Felta er lagt inn i feltverktøyet SKART. Oversikt over felta ligg òg i ØKS.

Publisert 05.03.2026, Sist endra 11.03.2026

SKART skal nyttast i registreringsarbeidet. Det er ikkje lenger mogleg å registrere kartleggingsresultat via ØKS.

Resultatkartlegginga inngår som ein del av ansvaret og oppgåvene kommunane har knytt til oppfølging av foryngingsplikta etter skogbrukslova.

Brev frå Statsforvaltaren om resultatkartlegginga vart sendt til kommunane 11. mars. Brevet ligg til høgre på sida her, saman med Landbruksdirektoratet si rettleiing for resultatkartlegginga og rettleiing for feltverktøyet SKART. Kopi av brev frå Landbruksdirektoratet til Statsforvaltaren ligg òg til høgre på sida.

Vi råder sterkt kommunane til å prioritere resultatkartlegginga så snart snøen har smelta.

Ta kontakt med Statsforvaltaren om det er noko som er uklårt eller om de treng hjelp med tilgang til eller bruk av SKART.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.