ØKS - Virkesdata/sending 2025-11
Virkesopplysningar for periode 11 er klar for kontroll og godkjenning i ØKS-systemet 8. november. Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. november.
Publisert 06.11.2025
Kommunane skal kontrollere at beløpa er rette, og i samsvar med §§ 5-10 i Forskrift om skogfond o.a. nr. 881.
Innkomne beløp på skogfondskonto for eigedomar under 10 daa (s-konto 9899), skal utbetalast med ein gong.
Avvik som kommunen ikkje kan korrigere i ØKS, skal meldast tilbake til Statsforvaltaren snarast mogeleg.
Kommunane må godkjenne ekspederinga innan 20. november.