Prioriter produksjonssvikt
Me har ledig sakshandsamingskapasitet og ynsker å verte ferdige så snart som råd. Ein del av søkjarar er utolmodige etter å få betalt ut tilskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.05.2024
Det ligg no 156 søknadar i kommunane, 86 i Agros og 70 i ELF.
Det er fint om me alle gjer ein innsats for å få handsama sakene så snart som råd.
Nokre sakene som ligg i ELF er feilleverte. Desse kan attesterast med ein merknad om at dei er feillevert og avkryssing på ‘ikkje tilrådd’. Så får me rydda dei av vegen.
Elles er dykk som alltid velkomne til å ta kontakt om noko er uklart.