Meld dykk på slamdagen allereie no!

Og spreie bodskapen vidare til andre aktuelle deltakarar i kommunen, som tilsette frå plan og bygg, miljøretta helsevern og reinseanlegga, samt aktuelle politikarar. 

Publisert 09.04.2026

Avløpsslam er ikkje avfall – men ein ressurs i det sirkulære krinsløpet ved rett bruk. For å utnytte verdiane fullt ut må heile verdikjeda vere samordna. På slamdagen vil vi belyse moglegheitene og utfordringane som ligg i utnyttinga av slammet i jordbruket.

Tema som blir tekne opp er:

  • Risiko for forureining av drikkevatn
  • Mellombels lagring av slam på jordet
  • Risiko for ferskvassorganismar
  • Reglar i gjødselbruksforskrifta for bruk av slam
  • Plantetilgjengeleg fosfor i slam
  • Potensialet for å vere sjølvforsynt med fosfor

Set av dagen 26. mai, fra. kl. 09.00-15.00 til denne innhaldsrike fagsamlinga. Samlinga haldes i Sliperiet, Hammergata 15, Larvik. 

Meir informasjon og påmelding finn du her: 

Slamdag | Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.