Meld deg på til kommunesamling 16. og 17. september!
Velkomen til samling for kommunal landbruksforvaltning i Vestfold og Telemark. No er det opna for påmelding. Fristen er torsdag 14. august, og påmeldinga er bindande. Vi gler oss til å samlast i september!
Stad
Samlinga vil finne stad med utgangspunkt Comfort Hotel Porsgrunn, med oppmøte kl. 09:00 tysdag 16. september.
Program
Programmet nærmar seg klart, og foreløpig versjon ligg på sida for kurs og konferansar. Det kan verte endringar.
Dag 1 skal vi på utferd heile dagen, fyrst ved Børsesjø i Skien og deretter ein rundtur i Lardal og Siljan, før det vert middag på hotellet om kvelden. Dag 2 vert inne på hotellet.
Kostnad
Vi har jobba for å få til ei rimeleg samling som alle aktuelle personar i kommunane skal ha moglegheit til å vere med på. Kostnad per deltakar vert 3 200 kr for heile samlinga og vil verte fakturert av Statsforvaltaren etter at samlinga er gjennomført. I påmeldingsskjemaet må det fyllast ut informasjon vi treng for å sende elektronisk faktura (EHF).
Kostnadar for reise til og frå samlinga og drikke til maten må betalast av deltakarane sjølv.
Parkering
Det er stor, kommunal parkeringsplass 300 meter frå hotellet (mellom parkeringa og hotellet må ein gå gjennom jernbaneundergang ved stasjonen). Der kostar det 30 kr pr. døgn å parkere. Betaling skjer via automat på plassen eller app.
Påmelding
Informasjon, program og påmeldingslenke er no lagt ut på sida for Kurs og konferansar.