Frivillig vern av skog for eit område i Midt-Telemark og eit i Fyresdal

Høringsfrist:
25. november 2020
Barlinddalen -  Blandingsskog som er rik på død ved. Foto: J. G. Brynjulvsrud
Barlinddalen - Blandingsskog som er rik på død ved. Foto: J. G. Brynjulvsrud

Høyring av verneplan for Mosnapp naturreservat i Fyresdal kommune og Barlinddalen naturreservat i Midt-Telemark kommune.

Publisert 29.09.2020

Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av det planlagde verneforslaget.

Vi bed høyringsinstansane spesielt om opplysningar om gruveopningar, stølar/seterbuer, jaktbuer, stigar/sleper, traktorvegar, kulturminne og anna som bør vere kjend i verneområda.

 Namn

 Kommune

 Totalareal

Verneverdi

Barlinddalen naturreservat

Midt-Telemark

848 daa

(**) regional

Mosnapp naturreservat

Fyresdal

3542,6 daa

(*/**)
lokal til regional

 

 

 

 

 

 

Høyringsfristen er 25. november 2020.

Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak fmvtpost@fylkesmannen.no.

Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark på telefon 33 37 10 00.