Revidert rundskriv om legemiddelhandtering publisert
Helsedirektoratet har publisert eit revidert rundskriv til forskrift om legemiddelhandtering for verksemder og helsepersonell som yter helsehjelp.
Legemiddelhandtering er ein sentral del av pasienten si heilskaplege behandling. Forskrifta skal sikre at rett pasient får rett legemiddel, i rett dose, til rett tid og på rett måte – og er eit viktig tiltak for å førebyggje legemiddelrelaterte pasientskadar.
De finn rundskrivet her: Legemiddelhåndtering - Helsedirektoratet
Viktige endringar
Det reviderte rundskrivet gir oppdatert rettleiing innan fleire sentrale område:
- Ordinering, rekvirering og oppfølging av legemiddelbehandling
- Samhandling mellom teneste- og omsorgsnivå
- Risikovurdering ved legemiddelhandtering
- Kompetansekrav knytt til ulike oppgåver i prosessen
- Bruk av IKT-verktøy
Rundskrivet vart publisert 18. september 2025 og erstattar tidlegare rundskriv IS-7/2015.
Les Helsedirektoratet si nyheitssak om publiseringa av retningslinjene her:
Revidert rundskriv om legemiddelhåndtering publisert - Helsedirektoratet