Mange var klare for sosialt treff

Deltakarar frå ei av grendane i Nissedal. Brukt med løyve frå kommunen.

Med tilskotsmidlar frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark kunne Nissedal kommune arrangere middag for dei over 65 år. Frivillighetssentralen bisto med samlingar i fire ulike grender.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.07.2021

Etter eit år med koronanedstenging var mange var klare for å treffast, prata og kjenna ein «normal kvardag» igjen. For nokon var det nok berre å samlast å sjå kvarandre, andre plassar hadde dei òg underhaldning.

Samlingane føregjekk i grendene Felle, Fjone, Treungen/Haugsjåsund og Nissedal/Kyrkjebygda.
På Fjone var det 25 som i tillegg til middag vart underhalden av ein lokal musikar og førpremiere på «Åge og eg» med Leif A. Sanden frå Grenland Friteater.

I Treungen vart middagen servert utanfor «kvileheimen», slik at bebuarane der også fekk gleda av middag og underhaldning. Hans I. Fagervik med kona si underheldt til glede for alle.

Siste middag ut var i vakre omgivnader i Nissedal. Skulen vart tatt i bruk og det rykte i dansefoten då Kari Kristine spelte både polka og vals.

Frivilligheitssentralen i kommunen organiserte samlingane med hjelp av lokale frivillige. Dei som ikkje kunne kome fikk mat heim til seg.

Kontaktperson hos Statsforvaltaren er Elisabeth Holte, tlf. 35586331

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.