Ny rettleiar for gode helse- og omsorgstenester

For første gong er det laga ein nasjonal rettleiar for korleis ein kan legga til rette for gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har deltatt i arbeidsgruppa som har jobba fram rettleiaren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.06.2021

Den nye rettleiaren beskriv god praksis på viktige område som individuell tilrettelegging, livsovergangar, habilitering, helseoppfølging, og samarbeid med pårørande og verje. Rettleiaren har òg lenker til praktiske og nyttige verktøy, i tillegg til oversikt over metodar hos andre aktørar.

Sjølv om rettleiaren er laga for helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming, kan han òg brukast for alle som mottek slike tenester i kommunen.

Implementering av tilrådingane kan krevja opplæringstiltak, endring av rutinar og prosedyrar, endra organisering, forbetra samarbeid og utvikling av nye tilbod. Kommunen må legga til rette for at den enkelte tenesteytaren kan utføra oppgåvene i tråd med tilrådingane. Kommunen skal sørga for at rettleiaren blir følgd. Leiar av verksemda vil i praksis ha ansvar for oppfølging av rettleiaren.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark planlegg presentasjon av rettleiaren på ein fagdag hausten 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.