Forbetringspris til Akuttkjedeprosjektet i Telemark

Prosjektet vart etablert i 2016, og er eit samhandlingsprosjekt mellom Sykehuset Telemark og kommunane i tidlegare Telemark fylke. Dei har no fått ein av Helse Sør-Øst sine forbetringsprisar.

Publisert 11.06.2021

Målet med dette prosjektet har vore å styrka den akutte helsetenesta, slik at pasientane får likeverdig og einsarta diagnostikk og behandling ved akutte tilstandar. Akuttkjeda startar når eit akutt symptom oppstår og sluttar når pasienten er inne på rett behandlingsstad.

Prosjektet har hatt deltakarar frå alle aktørane i akuttkjeda. Ambulansetenesta, AMK, akuttmottak, legevakt, fastlegar og kommunal heimeteneste har vore representert.

Det har vore viktig å etablera eit felles verkelegheitsbilde og felles mål. Eit omfattande kartleggingsarbeid er gjennomført, det er trekt ut ei rekke innsikter, og på bakgrunn av dette vart det gjennomført fleire tiltak.

Mellom anna er det laga eit flytskjema for 14 akutte pasientforløp, og dessutan eit observasjonsskjema som følgjer pasienten gjennom heile forløpet. Prosjektet har tatt i bruk eigne akuttsekker, det er utvikla ein eigen app for alle aktørane i akuttkjeda, og det er laga ulike tiltakskort. Prosjektet har òg utvikla informasjonsfilmar og e-læringskurs.

Det har vore stort engasjement frå tilsette ved både sjukehuset og i kommunane, og dei ulike aktørane i akuttkjedeprosjektet har fått ei større forståing og respekt for dei ulike rollene.

Prosjektet har styrkt kvaliteten og pasienttryggleiken i den akutte helsetenesta, og det har bidratt til å sikra pasientane rett behandling på rett nivå. Samhandling og tillit mellom sjukehuset og kommunane har vorte styrkte, og prosjektet har bidratt til positivt omdømme lokalt, regionalt og nasjonalt.

Statsforvaltaren gratulerer Sykehuset Telemark og kommunane med forbetringsprisen!

Les meir om Akuttkjedeprosjektet på Sykehuset Telemark sine nettsider, sjå boksen "Lenkjer"

Les meir om regionale priser for forbetringsarbeid på Helse Sør-Øst, sjå boksen "Lenkjer"