Folkehelseinstituttet: Ikkje berre korona

Turgåing på kyststien på den gamle jernbanelinja mellom Sande og Holmestrand er blitt svært populært.
Turgåing på kyststien på den gamle jernbanelinja mellom Sande og Holmestrand er blitt svært populært. Foto: Roger Jensen, Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Folkehelsearbeid er langt meir enn å kjempe mot virus. Helsestyresmaktene brukar difor mykje ressursar på å ha god oversikt over alle områder som påverkar helsa til folk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.02.2021

Det statlege Folkehelseinstituttet (FHI) har det siste året hatt ein svært sentral og synleg rolle. Saman med Helsedirektoratet og Regjeringa har FHI nesten ikkje hatt ein dag utan store oppslag i media. I hovudsak om pandemi, covid-19 og korleis vi skal leve med kvarandre.

Årlege folkehelseprofilar

No har Folkehelseinstituttet lagt ut dei nye folkehelseprofilane for alle norske kommunar. Ei verdfull hjelp til lokal planlegging av folkehelsearbeidet.

Folkehelseprofilen viser vesentlege helseutfordringar i kommunen, fylket og landet. 

I 2021 har FHI fokus på fysisk aktivitet. Sjølv om ikkje FHI brukar ordet «pandemi» om nordmenn sine aktivitetsvanar, er det bekymringar. Vi går for lite tur og er jamt over langt mindre fysisk aktive enn kva som er sunt for helsa.

Aktiv i kvardagen

Folkehelseinstituttet skriv artikkel og grunngjev dette, saman med Norges idrettshøgskule. Det viktigaste i samband med folkehelse er den daglege aktiviteten. Til dømes om vi går eller syklar til og frå skule og jobb. Om barn har gode leikeplassar der dei bur. Og om nærmiljøet innbyr til aktivitet og friluftsliv for alle i kvardagen.  

Viktige indikatorer om fysisk aktivitet er treningsvaner for ungdom. Resultata for Vestfold og Telemark er om lag som resten av landet. Men samstundes brukar ungdom i fylket vårt klart meir tid foran pc, TV og mobiltelefon. Og totalt sett er både barn, ungdom og vaksne mindre fysisk aktive enn kva Folkehelseinstituttet tilrår.

Les meir om Folkehelseprofilar og til dømes kva kommunane kan gjere for å fremme fysisk aktivitet. sjå Lenkjer" til høgre i artikkelen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.