Ny rettleier frå Helsedirektoratet om tolketenester i helse- og omsorgstenesten
Riktig bruk av tolketenester kan vere avgjerande for pasienttryggleiken og for likeverdig tilgang til helse- og omsorgstenester. Helsedirektoratet har difor no lansert ein oppdatert rettleiar for bruk av tolketenester i helse- og omsorgstenesta.
Riktig bruk av tolketenester er viktig for pasientar/brukarar med avgrensa norskkunnskapar, samiskspråklege, døve, høyrselshemma og døvblinde pasientar/brukarar
Rettleiaren gir praktiske råd om vurdering av tolkebehov, bestilling og bruk av kvalifisert tolk, journalføring, opplæring av tilsette og tidsbruk i konsultasjonar.
Rettleiaren skal bidra til meir einsarta praksis og betre kvalitet i tenesta. Rettleiaren erstattar versjonen frå 2011 og er no i tråd med tolkelova frå 2022 og gjeldande helselovgiving.
Les rettleiaren på nettsida til Helsedirektoratet: Tolketjenester i helse- og omsorgstjenesten - Helsedirektoratet