Korleis er ståa i fagfornyinga i skolane i Vestfold og Telemark?

Et par ungdomsskoleelever som jobber sammen
Foto: Berit Roald.

Gjennom den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling har vårt lokale Universitet i Sørøst-Norge (USN), bidratt med støtte inn til fleire kommunar, fylkeskommunen og private skoleeigarar.   

Publisert 26.10.2022

Frå hausten 2022 skal alle bruke det nye læreplanverket, Kunnskapsløftet 2020 (LK20). Utdanningsdirektoratet har laga støttemateriell i form av rettleiing og filmar for å kunne ta i bruk nye læreplanar. Læreplanane beskriv kompetansen elevane skal oppnå, men vegen fram dit må skolane finne ut av saman.

I Vestfold og Telemark har vårt lokale universitet (USN) i partnarskap med kommunar/fylkeskommunen og regionar, vore sentral i dette omsetjingsarbeidet.

Universitetets rolle som utviklingsaktør i eit partnarskap er med på implementeringa av fagfornyinga og styrkar den desentraliserte ordninga for skole.

Universitetet lar kommunane definere og prioritere kva for tiltak dei har behov for å gjennomføre i samarbeid med universitet. Partnarskapet sett kommunane i betre stand til å løfte kvaliteten ut frå lokale behov. Dette gjev og nyttig kunnskap om praksisfeltet attende til universitetet.

I vedlegg til høgre kan de sjå døme frå Sandefjord kommune.

Kontaktperson frå Universitetet i Sørøst-Norge er Camilla Grini. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.