Søk om regionale miljøtilskot til jordbruket
Onsdag 15. oktober er det søknadsfrist for regionale miljøtilskudd. Her kan bøndene søke om tilskot til miljøtiltak som er gjort i år eller blir gjort før neste vekstsesong. Kva tiltak dette er, står i «Forskrift om regionale miljøtilskudd til jordbruket i Trøndelag».
80 prosent av kornarealet bør ligge upløgd gjennom vinteren
Med våtare og meir varierande vintrar blir det å ikkje pløye om hausten eit stadig viktigare tiltak for klimatilpassing. Tilskot for ikkje å pløye om hausten er og ei av de største ordningane innom regionale miljøtilskot. Omtrent 60 prosent av kornareala våre er omsøkt i denne ordninga. Dette er ganske bra, men vi ønskjer oss likevel meir og målet er at 80 prosent av areala skal liggja upløgd gjennom vinteren. Tilskotet for ikkje å pløye kornareal om hausten er mellom 75 og 315 kr per dekar, og varierer etter kor stor erosjonsrisiko dei enkelte areala har.
Alle kornbønder bør ha permanent gras i dalsøkket med størst erosjonsrisiko
Det er i dalsøkk og sløgder i åkrar er der det er størst fare for erosjon. For å hindre dette er det svært effektivt å ha ei stripe med permanent gras nedi botn av desse. Vi har om lag 60 kilometer ved slike grasdekte dalsøkk, «grasdekte vannveier». Målet vårt er at alle kornbønder skal ha permanent grasdekke i det dalsøkket som har størst erosjonsrisiko. Tilskotet er 35 kr per lengdemeter når grasdekke er 6 meter breitt, dvs kr 5800 per dekar. Tilskotet er høgt sidan ein misser avling og får mykje heft i produksjonen.
Meir grønt plantedekke i kornåkrane om hausten
Kornet avsluttar veksten på tidleghausten noko som gjer at vi ikkje heilt utnytter arealet sin kapasitet for fotosyntese. Ved å så vekstar saman med kornet eller å så rett etter at kornet er hausta, kan ein få eit grønt plantedekke i kornåkrane utover seinhausten. Dette plantedekke vil fange karbon, gje meir liv i jorda og redusere faren for erosjon. I dag har under 1 prosent av kornareala våre ein slik sådd ettervekst (fangvekst) målet er at 20 prosent av kornareala skal ha dette. Som ein start bør alle kornbønder neste år prøva seg med eit areal med fangvekst. Tilskotet for fangvekst i korn er 190 kr per dekar.
Mange gode miljøtiltak
Vi har i Trøndelag 30 ulike ordningar i regionale miljøtilskot, og skal bruke 145 millionar kroner ved søknadsomgangen 15. oktober. Vil du vite meir om ordningane ta kontakt med kommunen som forvaltar ordninga i det daglege, eller ta kontakt med Statsforvaltaren som utarbeider og har ansvaret for ordningane.
Lenke: Regionalt miljøtilskudd
Kontaktpersoner
-
Anders Mona
Tlf: 74 16 81 98 / 48 24 65 09