Vekst og avling i Trøndelag

Etter ein tørr juni med mykje sviing har kornåkrane «friskna» til og er eit «lappeteppe» av modent korn, nyskote korn og ei salig blanding av desse.

Sist vi hadde slike åkrar var i 1992. Den gong fekk vi det meste i hus, men det vart ei krevande tresking, med «slalåmtresking» der ein tok dei modnaste delane først og venta med dei seinaste.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.08.2020

Det blir ei sein og lang skuronn!

Godveret vi har hatt i august har gjort at modninga av etterrenningane har gått raskt og at det difor er godt håp om at vi skal få avlinga i hus, men det blir ei sein skuronn og vi treng gode treskedagar frå siste del av september til litt uti oktober.

Blir hausten vanskeleg så er det risiko for avlingstap i åkeren og for at noko blir utreska, og at ein del kornbønder av den grunn vil kunne søkje om erstatning for avlingstap gjennom ordninga «Klimabetinga skade i plante- og honningproduksjonen». Dersom det ser ut til at ein har rett på tilskot frå denne ordninga, er det viktig at ein melder frå til landbrukskontoret om dette snarast råd, og før tresking. Dette for at kommunen skal kunna sjå på åkeren for å stadfeste årsak til skaden.

 

Liten førsteslått redda av stor andreslått og litt tredjeslått

Førsteslåtten tørka vekk eller vart tynn hos mange grasbønder. Fuktig og kjølig juliver gav god busking til andre slått og godveret i august gjorde at denne slåtten hos dei fleste vart større enn normalt, og ein fekk igjen mykje av det ein tapte på førsteslåtten. Blir hausten fin så vil nok mange og kunna berga ein tredjeslått og ei ekstra avling på grønfôret. Til dei som har fått redusert avlinga så mykje at det er aktuelt å søkje om erstatning, er det viktig at ein melder frå til kommunen om dette snarast råd.

 

For varmt for jordbæra, men bra for grønsaker og potet

Jordbæravlingane vart mindre enn normalt i år. Tørke og høg temperatur i starten av sesongen gav små bær. Utover i sesongen vart det meir normal temperatur og meir gunstige veksttilhøve. Litt lågare avling enn vanleg har blitt kompensert med at prisane har vore bra, men noko av den «bra prisen» har ekstra tiltak rundt koronasituasjonen tatt.

Potetavlingane ser ut til å bli gode, det er nok fukt i jorda og god vekst. Dette gjeld også for grønsaker. Under tørkeperioden i juni var det litt tøft for grønsaksareal der ein ikkje hadde vatningsanlegg, men heldigvis så har dei aller fleste dette. Vatningsforbod nokre stader gav utfordring for enkelte produsentar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.