Korleis søkje om verjemål

Statsforvaltaren startar saksbehandling for å vurdere verjemål etter skriftleg søknad eller skriftleg melding om behov for verjemål. Søknadskjema eller meldingskjema finn du her

Kven kan søkje om verjemål

Kva må vere med i søknaden?

Saksgang

Klage

Kven kan søkje om verjemål

Statsforvaltaren kan opprette verjemål etter søknad frå personen sjølv. I tillegg kan personen sin ektefelle, sambuar, foreldre, næraste livsarving, søsken og fastlege eller tilsynslegelege dersom personen er innlagt eller bur på helseinstitusjon, søke om verjemål.

Institusjonar har også meldeplikt dersom dei meiner at ein person innlagt på institusjonen har behov for verjemål. Meldeplikta gjeld også ansvarleg for kommunen si sosialteneste og helse- og omsorgsteneste utanfor institusjon.

Kva må vere med i søknaden?

I sjølve søknaden eller meldinga må det gå fram kven det blir søkt om verjemål for, kvar personen bur eller oppheld seg, opplysningar om pårørande og behandlande lege. Vidare må det kome fram kven som søkjer.

Det må også gå tydeleg fram av søknaden kvifor personen ikkje klarer å ivareta sine interesser og kva ein meiner personen treng hjelp til. Dersom ein har forslag til kven ein ønskjer som verje eller det er nokon som ønskjer å vere det, er det eit eige felt for dette i søknaden.

I tillegg til søknaden må det ligge føre erklæring frå fastlege, tilsynslege ved institusjon eller annan lege som kjenner personen. Av denne må det gå fram diagnose eller medisinsk tilstand, hjelpebehov og samanheng mellom diagnose og hjelpebehov. Det må gå fram om personen er i stand til å forstå kva verjemål er og ta stilling til verjemål for seg sjølv.

Dersom personen er i stand til å forstå kva verjemål er, er det krav om skriftleg samtykke frå personen det blir søkt om verjemål for. Dette kan ein gjere i eige felt i søknadsskjemaet eller ein kan nytte skjemaet Samtykkeerklæring. 

Saksgang

Når Statsforvaltaren får søknad om verjemål, startar vi saksbehandlinga med å sende ut førehandsvarsel til den det er søkt om verjemål for. Vidare sender vi varsel til personen sine barn over 18 år eller personen sine foreldre. Dersom vi har fått forslag til verje, vil også den som er føreslått få førehandsvarsel. I tillegg sender vi førehandsvarsel til den som har søkt. Dersom vi ikkje har fått inn legeerklæring med søknaden, vil vi også skrive til fastlege eller tilsynslege og be om opplysningar. Dette kan forlenge saksbehandlingstida. Vi anbefaler difor at legeerklæring følgjer med melding eller søknad.

Alle som får førehandsvarsel får ein frist på to veker til å komme med tilbakemelding. Dette kan vere dersom ein har motsegner til at verjemål blir oppretta, forslag til verje, ønskje om å vere verje eller andre opplysningar som er viktige for saka. I førehandsvarsel til personen sjølv, eller til den som har søkt om verjemål, vil det følgje med eit Skjema for innhald og omfang av verjemålet som må sendast Statsforvaltaren innan fristen. Samtykke frå personen sjølv må også sendast innan denne fristen dersom ein ikkje alt har gjort det eller personen ikkje er i stand til å forstå kva samtykke er.

Føreslått verje vil også få ei stadfesting som kan nyttast ved søknad om politiattest, dersom føreslått verje skal levere dette.

Når Statsforvaltaren har motteke alle skjema og erklæringar vi treng, startar vi vurderinga av om vi skal opprette verjemål. Personen det er søkt om verje for, vil som regel få tilbod om ein telefonsamtale med saksbehandlar og sjansen til å fortelje oss det som er viktig for personen. Ein slik samtale er frivillig. Dersom vi har opplysningar om at personen ikkje klarer å snakke i telefonen eller ikkje vil snakke med oss, kan vi utelate samtale. Det kan også vere aktuelt å ta kontakt med den som har søkt om verjemål, institusjonen personen bur på, nære pårørande eller andre som kan ha opplysningar, for å kartlegge personen sin situasjon og hjelpebehov.

Dersom vi kjem til at vi skal opprette verjemål for personen, vil vi også oppnemne ei verje. Dersom vi har fått forslag til verje, vil denne bli vurdert først. Om vi ikkje har fått forslag til verje, vil vi velje ei av våre faste verjer.

Personen det er søkt om verje for, vil få eit brev med vedtak om oppretting av verjemål og eit brev med vedtak om oppnemning av verje. Verja vil få brev med vedtak om oppnemning av verje, kopi av opprettingsvedtaket og ei verjefullmakt. Pårørande, søkjar eller meldar og eventuelt instutisjon eller kommune som yter tenester, vil får orientering om at vi har oppretta verjemål og kven som er verje.

Klage

Vedtak om å opprette verjemål kan klagast på av personen sjølv, verje, personen si ektefelle, sambuar, foreldre, næraste livsarving, søsken eller av den som har søkt om verjemålet.

Vedtaket om å oppnemne verje, det vil seie valet av kven som skal vere verje, kan klagast på av personen sjølv og verje.

Klagen må sendast til Statsforvaltaren innan tre veker etter at ein har motteke vedtaket. Klageskjema finn du på www.vergemal.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.