Fristen for innlevering av verjerekneskap er ute

Fristen for å levere verjerekneskapen for 2020 gjekk ut den 30. april 2021. Dersom du ikkje har levert komplett verjerekneskap enno, bør du sende oss det med ein gong for å unngå purring.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2021

Det tek mykje tid og ressursar på å kontrollere verjerekneskapen, og forventar at verjene leverer komplett verjerekneskap innan fristen.

Dersom verja ikkje har levert komplett verjerekneskap innan fristen, vil vi etter relativt kort tid sende ut ei purring. Denne purringa vert sendt ut automatisk på bakgrunn av lister vi får frå Statens sivilrettsforvaltning.

Dersom du heller ikkje leverer komplett rekneskap etter å ha fått purringa frå oss, vil vi varsle deg om at det kan bli aktuelt å ta frå deg verjeoppdraget.

Statsforvaltaren kan ta frå ei oppnemnd verje oppdraget dersom det er til det beste for den som er under verjemål, og skal ta frå ei oppnemnd verje oppdraget dersom omsynet til personen med verje gjer det nødvendig. Ettersom verja har ei lovpålagd plikt til å sende rekneskap, og Statsforvaltaren har ei lovpålagd plikt til å kontrollere verjerekneskapen, kan manglande innlevering av verjerekneskap føre til at du vert fråteken oppdraget som verje.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.