Forskot på arv

Forskot på arv betyr at arven blir fordelt medan personen saka gjeld framleis lever.

I eit verjemål som ikkje omfattar fråtaking av rettsleg handleevne, kan personen med verje fritt gje forskot på arv på eiga hand utan medverknad frå verje eller Statsforvaltaren. Føresetnaden er at vedkomande fysisk og kognitivt er i stand til det. 

Er det verja som skal gje forskot på arv på vegner av den han eller ho er verje for, skal det alltid søkjast om godkjenning frå Statsforvaltaren på førehand med mindre verja er ektefelle eller sambuar til personen som er under verjemål. 

Statsforvaltaren kan berre godkjenne søknaden dersom det gjeld utdeling til arvingar i rett nedstigande linje (livsarving).

Ofte vil det vere slik at verja sjølv er arving, eller i nær familie med mottakaren av eit eventuelt forskot på arv. I slike tilfelle vil verja vere inhabil. Det vil då måtte oppnemnast ei mellombels verje (setteverje). Oppnemning av mellombels verje vert gjort av Statsforvaltaren. Mellombels verje har rett på godtgjering for verjeoppdraget, og godtgjeringa må som hovudregel dekkast av personen som har verje.

Ved inhabilitet vil det formelt reknast som at det er mellombels verje som søkjer om utdeling på vegner av personen med verje. 

Dersom mellombels verje etter ei nærare vurdering, ikkje kan tilrå utdeling av forskot på arv, vert saka avvist av Statsforvaltaren utan å bli realitetsbehandla. Om mellombels verje tilrår utdeling, kan vi avslå eller heilt eller delvis godkjenne utdeling inntil det beløp mellombels verje tilrår. 

Statsforvaltaren kan berre samtykke til utdeling av forskot på arv i følgjande to tilfelle:

  1. Arvingen har eit behov utover det alminnelege for å få forskot på arv no
  2. Det ligg føre skriftlege nedteikningar, eller andre klare haldepunkt for at personen med verje ønskjer å dele ut forskot på arv

I begge tilfelle må det gjerast ei konkret vurdering av om utdeling av forskot på arv er forsvarleg.

Særleg behov

Statsforvaltaren kan samtykke til forskot på arv dersom arvingen har eit behov utover det alminnelege for eit forskot på arv no. Det skal meir til enn at eit forskot på arv vil kome godt med eller at arvingen har meir bruk for pengane enn personen med verje. Det er ikkje mogeleg å lage ei uttømmande liste, men nokre tilfelle kan nemnast:

  1. Alminneleg sikra gjeld som arvingen klarer å handtere vil sjeldan nå terskelen, men dersom arvingen har høg usikra gjeld som han eller ho ikkje klarer eller vil ha store vanskar med å handtere, kan etter tilhøva vere eit særleg behov.
  2. Kjøp av bustad eller unødvendig oppussing av bustad vil sjeldan nå terskelen. Strengt nødvendig vedlikehald eller rehabilitering, anten for å gjere bustaden eigna til å bu i eller på grunn av offentlege pålegg, kan etter tilhøva nå terskelen.
  3. Kjøp av utstyr eller nødvendig ombygging på grunn av skade eller sjukdom kan nå terskelen dersom utgiftene til dette ikkje fullt ut vert dekte av det offentlege eller gjennom private forsikringar.

I praksis vil det nesten alltid vere eit økonomisk behov, så behovet må konkretiserast. Behovet bør ikkje kunne dekkast på andre måtar, for eksempel gjennom offentlege ytingar eller private forsikringar.

Skriftlege nedteikningar og andre haldepunkt

Statsforvaltaren kan samtykke til forskot på arv dersom det føreligg skriftlege nedteikningar eller andre haldepunkt for at personen med verje ønskjer utdeling. Det vil seie at personen med verje ønskjer utdeling, til kven og med kva beløp. Det må føreligge noko konkret som positivt tilseier at personen med verje ønskjer utdeling. Generelle vurderingar om kva som kan tenkjast å vere vedkomande si meining, er ikkje tilstrekkeleg.

Samla vurdering

Det er ingen som har rettskrav på forskot på arv. Det må alltid gjerast ei avveging av om utdeling av forskot på arv er forsvarleg.

Fast eigedom

Ved vederlagsfri overdraging av fast eigedom, må Statsforvaltaren også behandle saka etter reglane som gjeld for sal av eigedom. Vederlagsfri overdraging av fast eigedom må difor også godkjennast av Statsforvaltaren dersom det er ektefelle eller sambuar som er verje. 

I tillegg til dokumentasjon på at vilkåra for forskot på arv er oppfylte, treng vi informasjon om verdien på eigedomen og dokumentasjon på at personen med verje ikkje kan nyttiggjere seg av eigedommen. 

Korleis søkje?

Ettersom det er verja som med samtykke frå Statsforvaltaren har myndigheit til å dele ut forskot på arv på vegner av verjehavar, er det verja som må sende søknad til oss. Aktuelle søknadsskjema finn du på www.vergemal.no/skjema.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må signerast av verje, og av personen med verje dersom han eller ho er i stand til å forstå kva saka gjeld.

Søknaden må gi informasjon om kven det vert søkt om å gi arveforskot til, og kva beløp. Det må grunngjevast utifrå vilkåra som er nemnde over. Det bør leggast ved så mykje dokumentasjon som mogleg.

  • Dokumentasjon på arvingen sitt særlege behov, t.d. arvingen sitt budsjett, dokumentasjon på arvingen si gjeld, arvingen og arvingen sin ektefelle si skattemelding, vedtak om ytingar eller avslag på ytingar retta mot arvingen, forklaring på om det er snakka med verjehavar eller grunngjeving på kvifor det ikkje er gjennomført samtale (t.d. legeerklæring)
  • Dei skriftlege nedteikningane som føreligg
  • Dokumentasjon på kvifor det føreligg andre haldepunkt for at verjehavar ønskjer utdeling, t.d. møtereferat frå samtale med verjehavar, legeerklæring som tar stilling til samtykkekompetanse, dokumentasjon på tidlegare utdelingar (kontoutskrift, transaksjonsoversikt, arveavgiftsmelding mv.), nøytrale vitneutsegn mv.
  • Økonomisk status til personen med verje med forklaring på kva verjehavar vil ha av midlar før og etter ei eventuell utdeling
  • Kopi av testament dersom dette føreligg
  • Annan dokumentasjon ein tenkjer kan vere relevant for å grunngi kvifor vilkåra for utdeling av arveforskot er oppfylt

Kor lang er saksbehandlingstida?

Saksbehandlingstida på søknader om arveforskot er for tida svært lang. Det kan ta opptil seks månader å behandle søknaden frå saka er tilstrekkeleg opplyst.

Klagerett

Vedtaket kan klagast på av part og andre med rettsleg klageinteresse innan tre veker frå vedtaket vart motteke. 

Part er den vedtaket rettar seg mot og elles direkte gjeld. I desse sakene vil det i praksis seie verja og personen med verje. 

Normalt vil ikkje mottakarar av forskot på arv ha rettsleg klageinteresse, med mindre vedkomande etter en samla vurdering har ei så konkret, praktisk og aktuell tilknyting til saka at han eller ho har eit reelt behov for å få vedtaket prøvd. 

Ei eventuell klage på vedtaket skal sendast til Statsforvaltaren. Statens sivilrettsforvaltning er klageinstans. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.