Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2026
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2026 23:59
- Målgruppe:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
- Ansvarleg etat:
- Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
- Kven kan søke:
- Nav Bergen nord, Nav Bergen sør, Nav Øygarden, Nav Samnanger, Nav Nordfjord, Nav Bergen sentrum, Nav Bjørnafjorden, Nav Sunnfjord og ytre Sogn, Nav Voss
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2026 23:59
Tilskotet skal bidra til å utvikle og betre dei sosiale tenestene i Nav-kontoret. Det er berre Nav-kontor som har motteke midlar i 2025, som kan søkje på ordninga i 2026.
Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontoret er redusert med 33 millionar kroner. Dette skal innlemmast i rammetilskotet til kommunane for budsjettåret 2026.
Dette betyr at det ikkje er midlar til nye prosjekt i 2026. I vårt fylke er det desse Nav-kontora som kan søkje til prosjekta dei er i gang med:
- Nav Bergen nord
- Nav Bergen sør
- Nav Øygarden
- Nav Samnanger
- Nav Nordfjord
- Nav Bergen sentrum
- Nav Bjørnafjorden
- Nav Sunnfjord og ytre Sogn
- Nav Voss
Søknad
Heile utlysingsteksten, reglane for tilskotsordninga og søknadsskjema finn du på heimesida til Nav.
Søknadsfristen er 1. februar 2026.
Dei aktuelle Nav-kontora kan sende søknad elektronisk til Statsforvaltaren på organisasjonsnummer: 974760665. Eventuelt kan de sende søknader per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per brevpost til: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Rapportering
Alle prosjekt som fekk tilskot i 2025 må rapportere innan 1. februar 2026, sjå informasjon i tildelingsbrevet. Lenkje til rapportering vert sendt ut i starten av januar.
Dei prosjekta som får tilskot i 2026 skal rapportere på bruken av dei pengane innan 1. februar 2027.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2026 23:59
- Målgruppe:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
- Ansvarleg etat:
- Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
- Kven kan søke:
- Nav Bergen nord, Nav Bergen sør, Nav Øygarden, Nav Samnanger, Nav Nordfjord, Nav Bergen sentrum, Nav Bjørnafjorden, Nav Sunnfjord og ytre Sogn, Nav Voss
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2026 23:59