Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2024

Søknadsfrist:
1. februar 2024 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. mars 2025 23:59

Tilskotsordninga skal stimulere til forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.

Publisert 15.12.2023

Alle kommunane i landet kan søkje på denne tilskotsordninga.

Nav-kontora kan få 650 000 kroner per år i tre år (36 månader) til lønsutgifter per hundre prosents prosjektstilling. I tillegg kan ein få 20 000 kroner per prosjekt per år til kompetanse som trengst for det aktuelle tiltaket. Prosjektkostnader utover dette må kommunane dekkje sjølv.

Prioriterte område i 2024

Barnefamiliar, ungdom og bustadsosialt arbeid er særleg prioriterte område.

Vidare er følgjande område prioriterte:

  • Heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behovet til brukarane.
  • Arbeid med innvandrarar og langtidsmottakarar av sosiale tenester.
  • Sikring av sårbare overgangar, mellom anna etter gjennomført straff, mellom utdanning og arbeidsliv og mellom ulike tenester som barnevernet og Nav.
  • Førebygging og/eller tidleg innsats.

Heile utlysingsteksten, reglane for tilskotsordninga og søknadsskjema finn du på heimesida til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Søknadsskjema på nynorsk finn du under «Dokument».

Nav-kontora i Vestland kan sende søknader elektronisk til Statsforvaltaren på organisasjonsnummer: 974760665. Eventuelt kan ein sende søknader per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per brevpost til: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Digitalt møte om tilskotsordningar

Vi arrangerer eit digitalt møte om tilskotsordningane vi forvaltar på helse-, sosial- og barnevernsfeltet, 18. januar. Sjå program og meld deg på via denne lenkja: Digitalt møte om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet

Søknadsfrist:
1. februar 2024 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. mars 2025 23:59