Tilskot til kommunalt rusarbeid 2023 – overgangsordning

Søknadsfrist:
1. februar 2023 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. februar 2023 23:59

Kommunar som i 2021 fekk tilskot etter tidlegare regelverk, kan søkje om tilskot til vidareføring av stillingane. Det er ikkje mogeleg å søke om tilskot til nye stillingar. Tilskotet er utlyst med atterhald om Stortinget si godkjenning av statsbudsjett for 2023.

Publisert 21.11.2022

Årsstigen i den tidlegare tilskotsordninga skal følgjast og gjeld til og med 2024.

Føremål

Tilskotet skal bidra til  varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem.

Regelverk for overgangsordninga 

Vi ber om at de les Helsedirektoratet si utlysing og regeverket for tilskotsordninga før de rapporterer og søkjer om tilskot i 2023.  

Sjå spesielt kapittel 2 i regelverket «Hvem kan få tilskudd» og kapittel 4 «Tildelingskriterium», der det er gjort greie for overgangsreglar, presiseringar og ny utrekning av tilskot. Utlysing og regelverk finn de under «Lenkjer» og «Dokument».

Søknad og rapportering

Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2022 og frist for søknad om tilskot for 2023 er 1. februar 2023.

Her kan du søkje gjennom Statsforvaltarens elektroniske søknads- og rapporteringsløysing. 

Ved rapportering er det ikkje naudsynt å levere revisorattest.

Ved spørsmål av fagleg karakter, ta kontakt med Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar».  Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til: hjelp@statsforvalteren.no

Søknadsfrist:
1. februar 2023 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. februar 2023 23:59