Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav 2022

Søknadsfrist:
1. februar 2022 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. februar 2023 23:59

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora.

Publisert 15.12.2021, Oppdatert 16.12.2021

Nav-kontora vil kunne få inntil 610 000 kroner til løn og sosiale utgifter per hundre prosents stilling. I tillegg kan ein få inntil 20 000 kroner per tiltak til kompetanse som trengst for det aktuelle tiltaket, til dømes til design, evaluering, utvikling og å tileigne seg nødvendig fagleg kompetanse.

Les heile utlysingsteksten og reglane for tilskotsordninga på heimesida til Nav. Søknadsskjema i word-format finn de under «Dokument».

Nav-kontora i Vestland kan sende søknader elektronisk til Statsforvaltaren på organisasjonsnummer: 974760665. Eventuelt kan ein sende søknader per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per brevpost til: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Søknadsfrist:
1. februar 2022 23:59
Målgruppe:
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester frå Nav, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon
Ansvarleg:
Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Kven kan søke:
Nav-kontora (kommunen i Nav)
Rapporteringsfrist:
1. februar 2023 23:59