Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til digitalt utstyr, kompetanse og infrastruktur

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15. april 2021 15:45
Målgruppe:
Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar (inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular i Noreg.
Ansvarleg:
Statsforvaltaren v/Astrid F. Harlem og Lill Mona Solberg
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommune
Rapporteringsfrist:
15. september 2021 15:45

Kommunar og fylkeskommunen kan søkje om tilskot til innkjøp av digitalt utstyr, utvikling av kompetanse og støtte til drift av infrastruktur i grunnopplæringa.

Publisert 01.03.2021

Målet for tilskotsordninga

Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-utbrotet. Ordninga skal gje elevar det dei treng når dei må ha undervisning heime. Tilskotet skal mellom annan bidra til å jamne ut levekårsforskjellar.

Det er sett av totalt 7 732 000 kroner til fordeling mellom dei offentlege skuleeigarane i Vestland i 2021.

Tiltak som kjem inn under ordninga

  • Datautstyr
  • Robot for kommunikasjon i sanntid (AV1)
  • Utstyr for strømming av undervising
  • Lisensar for videokommunikasjonsløysingar
  • Lisensar spesifikt knytt til heimeskule
  • Kompetansetiltak og kjøp av nødvendig kompetanse
  • Støtte til oppsett og drift av infrastruktur

Tilskotet gjeld ikkje for

Målgruppe

Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar (inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular i Noreg.

Tilskotsmottakar

Tilskotsmottakar er kommunar og fylkeskommune.

Søknad

Bruk søknadsskjema i høgre meny.
Søknadsfrist er 15. april 2021.

Vilkår for tilskot

Tilskotet er knytt til Covid-19-utbrotet og skal leggje til rette for heimeundervisning og utjamne levekårsforskjellar.

Tildelinga vil bli gjort på bakgrunn av ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering opp mot vilkåra for tilskotet.

Statsforvaltaren kan ta stikkprøvekontrollar av bruken av tilskotet

Statens bevilgningsreglement § 10 gir Statsforvaltaren i Vestland høve til å føre kontroll med bruken av midlane. Tilskotet kan krevjast attende, dersom det ikkje er brukt i samsvar med føresetnadene.

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15. april 2021 15:45
Målgruppe:
Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar (inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skular i Noreg.
Ansvarleg:
Statsforvaltaren v/Astrid F. Harlem og Lill Mona Solberg
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommune
Rapporteringsfrist:
15. september 2021 15:45