Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
1. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar i Vestland og Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. april 2021 23:59

Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg.

Publisert 02.02.2021

Det skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir teke vare på. 

Kommunar som søker i Vestland og Rogaland skal sende søknadsskjema til Statsforvaltaren i Vestland som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no

Det same gjeld rapportering på eige skjema i etterkant. Søknads- og rapporteringsskjema finn du under fana «Dokument».

Viktig informasjon om nye kriterier for å bli prioritert i tilskotsordningar knytt til Leve heile livet, kan du lese meir om i informasjonsskrivet som ligg under «Dokument».

Sjå under «Kontaktpersonar» for å kome i kontakt med Statsforvaltaren. Du kan også kontakte Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.  

Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentra for lindrande behandling og Statsforvaltaren. Søknader blir handsama innan 22. mai 2021.

Les meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet. 

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
1. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar i Vestland og Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. april 2021 23:59