Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2021

Søknadsfrist:
22. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
Rapporteringsfrist:
22. mars 2021 23:59

Tilskotet skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak, innovasjon- og utviklingsarbeid ut frå lokale føresetnader og behov. 

Publisert 04.02.2021

Målet med ordninga er å styrke kommunane sine evner og høve til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane ut frå lokale føresetnader og behov.

Sjå høgremargen for rettleiing, og søknads- og rapporteringsskjema.

Les meir om tilskotet og regelverk på heimesida til Helsedirektoratet

Søknad skal sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 22. mars 2021.

Nytt overordna prioriteringskrav for tildeling

Kommunar som omstiller seg i tråd med Leve heile livet-reforma vil verte prioritert. Vi hentar inn nødvendig tilleggsinformasjon om dette, og har sendt ut kartleggingsskjema til alle kommunedirektørar/rådmenn i Vestland. Les meir i brevet vi har sendt til kommunane, som du finn under «Dokument». 

Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverket for ordninga er som tidlegare.

Rapportering for 2020

Kommunane skal rapportere innan 22. mars 2021 om midlar som vart tildelt i 2020. De finn to rapporteringsskjema i høgremargen. For tilskot frå kr 200 000 er det krav om revisorattestasjon.

Søknadsfrist:
22. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre
Rapporteringsfrist:
22. mars 2021 23:59