Totalberedskapskurs for Vestland
Statsforvaltaren, Politiet og Heimevernet arrangerer kurs i totalberedskap 7. – 10. april. Kurset finn stad i Ulven leir i Os (Bjørnafjorden kommune).
Deltakarane skal få kunnskap om trusselbiletet vi står overfor. Øvingar, gruppearbeid og føredrag skal styrke samarbeidet på tvers av sektorar og ansvarsområde i fylket.
Rift om plassane
Det har vore stor rift om dei 35 plassane på kurset, og fleire har stått på venteliste. Blant deltakarane er leiarar frå fleire kommunar, naud- og redningsetatar, Forsvaret, andre offentlege etatar og organisasjonar med beredskapsoppgåver, næringslivet og frivillige organisasjonar med ei rolle i totalberedskapen.
Regional oppfølging av nasjonale tryggleiksstrategi
Bakgrunnen for kurset er behovet for ei regional oppfølging av hovudmåla i den nasjonale tryggleiksstrategien. Ein farlegare og meir uføreseieleg tryggleikspolitisk situasjonen krev ei styrking av forsvarsevna og eit meir motstandsdyktig samfunn. Som statsministeren sa i nyttårstalen:
– Den største oppgåva er å skape tryggleik i ei tid då uroa i verda når heilt inn i liva våre.
Kontaktpersonar
-
Haavard Stensvand
Tlf: 57 64 30 10 -
Mari Severinsen
Tlf: 57 64 30 28 -
Ingrid Elde
Tlf: 57 64 30 27